Antal elevar: 58 elevar barneskulen og 38 elevar ungdomsskulen. Totalt 96 elevar.
Undervisningsmålform: Nynorsk
Skulen sine satsingsområde
Måndalen barne- og ungdomsskule legg vekt på å ha eit trygt og inkluderande skulemiljø. Vurdering for læring er eit nasjonalt satsingsområde. Vurdering som blir brukt til å forbetre undervisninga og eleven sin motivasjon og læring. Vi er også opptekne av relasjonsarbeid og styrking av lese- og skriveopplæring. I tillegg er kvalitetssikring og kontinuerleg vidareutvikling knytt til fagfornyinga, berekraftig utvikling, digital kompetanse og opplæring. Samtidig er tverrfagleg fokus og praktisk tilnærming til opplæringstilbodet viktige satsingsområder for oss i Måndalen.
Uteområda
Skulen har eit stort uteområde med eit variert utval av leikeapparat. Skulen og FAU har gjennom samarbeid ei satsing på å styrke uteområdet.
Ny skule
Måndalen er ein helt ny skule. Uteområda er ikkje ferdig, men skulen vil få eit stort og variert tilbod der elevane kan boltre seg.